Eg klarar vist ikkje å ta ein sokkestrikkepause. Etter forrige par sokkar (Bellatrix-sokkane) så tenkte eg at no skulle det bli ei stund til eg laga sokkar igjen, det vara knapt ut dagen... La nemleg opp og strikka eit stykke på desse allereie same kvelden. Men ein stor forskjell er at desse skulle og ville eg ha einsfarga, og då hadde eg svart Regina Silk i huset. Hadde nemleg byrja på eit par knestrømpar for eit tid tilbake som berre låg der og ikkje voks. Så rekka opp :)Desse sokkane kjem eg nok til å bruka mest av alle eg har strikka. Dette fordi eg likar mønsteret veldig godt, fargen er særdeles anvendleg og garnet er jo ubeskriveleg deilegt.
Flettemønsteret på sokkane er laga utan hjelpepinne, så det gjorde det mykje enklare å strikka. Har nemleg ikkje fått teken på flettestrikking endå... Får sjå om eg kan prøva meg iløpet av sommaren :)
På bilete til venstre ser ein og delar av dei nye balkongmøblane mine. Fekk nemleg lurt Tove og Oddis til å vera med på Ikea for å handla møblane og ikkje minst setja dei saman etterpå. Lavendelplanten på bordet blei ein ekstra bursdagsgåve frå Tove (Tusen takk, Lavendelen leve framleis). Tusen takk til begge for all hjelpa, dei møblane skal bli brukt ein god del. Spesielt når det vert golfturnering i balkongkassen min :)




