mandag 22. juni 2009

Blåtur 2009

Blåturen (19. juni) med jobben skapar alltid mangen spekulasjonar og sjølvsagt forventningar. Opp i det blå var tittelen og dei fleste fjelltoppar rundt Bergen var tippa i forkant. Torsdagen fekk vi utdelt einvegs billettar med Fløibanen med beskjed om å innfinna oss ved Skomakerdiket innan 1630, noko dei fleste klarte. Gruppeinndelinga var klar så det var kun å få vita planen og gjennomføra den.

Der var fleire postar som skulle gjennomførast, barkebåt som skulle byggast, tau som skulle trekkast m.m. Når alt var vel gjennomført, i regnvær må eg påpeika, spaserte vi ned til Starefossen og gjekk ombord på ein buss som tok oss mot fjelltoppen dei fleste hadde satsa pengar på, nemleg Ulrikken. Vel oppe på Ulrikkens topp så kom sola gitt, og litt før middagen var servert kom det ei tjukk tåke og. Som bileta her visar så gav det ein spesiall stemning.

Middagen var buffet med sjømat, og det gjorde veldig godt etter mykje frisk luft og oppgåver i regnvær. Så blei det dans og moro utover kvelden.

Det var ein koseleg kveld dette, skulle likt å hatt med meg tørre sokkar, men får ta den straffen no. Er blitt småforkjøla ilag med sikker 70 % av resten som var på blåturen. Godt eg har strikketøy å kosa meg med når eg sit heime og pleiar helsa :) Men vi satt heldigvis ikkje fast på Ulrikken til 5 neste morgon...

1 kommentar:

Tove sa...

Takk og pris at vi ikke ble sittende værfast der oppe, ja... Høres fortsatt ut som en syk sel når jeg hoster... Men utsikten var upåklagelig!!