søndag 7. juni 2009

Endeleg på Endeli igjen

Denne helga var startskotet for Bergen - Voss. Har ein kompis som veldig gjerne syklar dette rittet, men iår var han litt uheldig med oppkøyringa så han måtte bryta. Som ifjor så bestilte han hyttetur til Endeli på Hamlagrø, utsikten frå hytta er å skue over. Vi som ikkje skulle sykla reiste opp fredagen, sykelisten med følgje kom laurdagen.

I myra nett nedfor hytta gjekk vi for å sjå etter froskar, og vi blei ikkje skuffa. Vi fant mangen, og vi falt for alle. Dei var så små og det gjorde dei veldig søte. Dei var fasinerande heile helga, jentane til Bjørnar og Hanne var heilfrelst så reknar med dei var glad vi reiste :) Som bileta visar så var dei ikkje store, og til å ta på var dei berre litt våte og kjølige.

Av oss som var på hytta så likar alle å spele spel av forskjellege slag. Det gjekk i brettspel og Nintendo DS relativt ofte. På bilete under setje vi opp til ein omgong med Agricola, merk strikketøyet som ligg nede på venstre hjørna på bordet (mitt sjølvsagt).
Agricola går ut på å laga den best fungerande bondegarden, alt kan skje og skjer. Eg og Bjørnar spelte og ein del Dominion eit kort spel som aldri vert likt, her skal vi bli den største godseigaren. Kjapt og engasjernade. Så tok vi ein runde med Through the dessert, der er vi kameldrivarar i ørkenen på leiten etter vatn, oaser og landområdet. Vi spelte 4 stykk, det blei trangt og nesten litt vanskeleg å sjå kor eigne brikker var, men det gjorde jo poengteljinga spanande.

Som bevist på bilete over så har eg hatt med strikketøy og på hytteturen, klarar heldigvis å strikka, spela og snakka samstundes. Har hatt med ein del prosjekt som var påbyrja og fullførte 2 faktisk. Til høgre her er Bosniatøfflane eg endeleg strikka til meg sjølv, laga nemleg fleire i julegåver ifjor, alle er strikka i Fritidsgarn. Strikka og ferdig ein babygåve som ikkje er levert, så den får komma seinare. Før helga fekk eg og oppskrift på prematurhuer frå ei venninne av Tove som jobbar på eit legesenter som har konaktar på Haukeland Sjukehus. Så denne oppskrifta stolar eg på, strikka 3 prematurhuer av den oppskrifta i helga. Tove må nett hjelpa meg med heklekanten på dei så er dei ferdige. Har våge meg til å telja dei alt.

Syklisten har til tross for bruddet igår ikkje tenkt å gje seg med Bergen - Voss rittet, så til neste år er vi alle på plass att. Klar for ny hyttetur, meir god mat og drikke, speling, soling, sosialt samvær med dei me ser sjeldan, høyra på fuglane, sova i stillheit og med frisk luft osv osv osv.
Gledar meg allereie faktisk. Håpar og vi klarar å pressa inn nokon hytteturar til iløpet av året :)

2 kommentarer:

oddis sa...

Veldig kjekk tur!

Vet ike om jeg gjorde det, men øsnket er sterkt om ny hyttetur etter BV neste år også! Og ostekake :)

Tove sa...

Og alle var enig om at det hadde vært en fin tur....? Været var ihvertfall upåklagelig!