lørdag 13. juni 2009

World knit in public day

13. juni utnemt til Verdas strikk i offentlegheit dag (World knit in public day). Eg har lest litt på nett over funne ut at denne helligdagen blei starta i 2005 av Danielle Landes. Den skulle lure strikkarar opp frå sofaen og ut i gatene, strikking skulle bli meir sosialt.

Eg, Tove og Kristin bestemte oss for å feira dagen på ein stad vi ikkje hadde strikka før. Vi strikkar nemleg nesten kvar torsdag på ein lokal pub i Bergen, så no måtte vi prøva noko anna. Den heldige vinnaren av vårt strikkande nærvær var Aroma ved Fløibanen.

Vi satt der og kosa oss store delar av laurdagen. Når vi gjekk fant vi spor etter andre strikkara i Bergensgatene same dagen. Eit tre på Torgallmenningen hadde fått strikkabukser, se til høgre. Dei var skikkeleg kule. Godt jobba til dei som har gjordt dette :)

1 kommentar:

Tove sa...

Kanskje det er her inspirasjonen kommer fra????
http://stickkontakt.blogspot.com/

Neste år får vi håpe på bedre (og varmere...) vær slik at vi kan sitte ute! Midt på Torgalmenningen f.eks...