mandag 10. august 2009

Utfordring - Dag 1

Har meg oftast ein bloggrunde kvar dag, og idag når eg las Lises Hobbyblogg så utfordrar ho alle som hadde moglegheit til å gå ein tur kvar dag denne veka. Dette er det jo ingen som har direkte ilt av, så då eg ikkje har nokon store planar etter jobb denne veka så har eg satt meg på lista :) Torsdagen har eg strikkeklubb i sentrum, men skal klara å lura inn ein tur på eit vis den dagen og :)

Byrja veldig roleg, gjekk til nærmaste skogholdt i nabolaget og gjekk inn i håp om å kanskje fylla ein liten pose med blåbær. 3 ss med blåbær, lilla fingertuppar og 45 min seinare gjekk eg heim for då kom regnværet som var meldt idag. Så bidrar med eit lite skogsbilete frå turen min, fekk teke 2 bilete før kamera var tomt for batteri.

Må hugsa å lada batteriet til i morgon :)

4 kommentarer:

Fru Keilegavlen sa...

Høyres lurt ut!! Noko alle har godt av!!

Judith sa...

Det var jo en lur oppfordring!
Flotte tøfler i innlegget under, så grei du er som strikker til kollegaen din, han er heldig :-)

Lasse Nordvik Wedø sa...

Oooo... Dette bildet likte jeg :)

Ang oppfordring: Med hund "må" du ut hver dag, uansett vær eller vind. Faktisk greit å ha et par store blå øyne som stirrer på deg og vil ut....

Fidus sa...

Vet ikke hvorfor det heter Tøffelcape, men noe skal vel vesten hete.. Jeg fikk med meg noe turgreier var på gang, jeg gikk tur hver dag forrige uke, og skal prøve å få gått litt denne uka også. Deilig å komme seg litt ut! Ha en flott kveld!