tirsdag 29. desember 2009

Vinter

Iår har vi endeleg fått snø til jul og til nyttår, eg er så strålande fornøgd :) I skrivande stunde er det ca 25 cm snø ute og minus 10 grader. Kan ikkje minnes sist det var slik til jul.

Og kva gjer ein i slikt vær? Jo ein må måke snø, noko armane mine skrike at dei ikkje likar. Ein "leikar" og litt i snøen, laga snølykt i forgårs. Då var det litt mildare og snøen var perfekt. Lykta blei sikkert 60 cm høg og lyst noko heilt sinnsjukt :)

Har hatt lyst til å ta ut sparken på tur, den har ikkje vore på vinterføre på MANGEN år, men det har ikkje skjedd endå. Kanskje i morgon?... Gjer eg det vert det nok dokumentert :)

Ellers så kom eg på at eg hadde laga ei julegåve til i haust. Bror min fekk nemleg eit par heimestrikka selbuvottar. Mønsteret heiter Knut og er kjøpt på Jorid's Mønsterbutikk. Skorpionen som lurar seg inne i eine handflata var for kul til å motstå å laga, spesielt når ein har ein bror som har ein skorpion tattovert på eine underarmen :)

No har eg byrja nedteljinga til nyttårsafta. Den skal feirast med fint besøk frå hovudstaden, Mooncat kjem på besøk. Det vert stille og roleg heime, med pinnekjøtt for 2. gong denne jula og riskrem... Det vert nok og sett litt på TV og spelt litt DOG. Ohhh... Kor eg gledar meg :)

1 kommentar:

Cloudberry sa...

Kule votter! Her går vi å ønsker oss snø. Ser ut som om all snøe har kommet sør i landet :(

Tror jeg må sjekke ut den boka du har hekla de kjempekule nøkkelrigene fra :)

Ha et flott nytt år!