lørdag 19. januar 2008

2008 - nye prosjekt - nye utfordringar



Eg tok litt av her om dagen, fekk så sinnsjukt lyst til å laga noko eg ikkje hadde laga før. Eit resultat er det søte paret med babytøfflar. Ein kollega ventar småfolk no om dagane og alltid kjekt å gje noko til nye borgarar.






Her rett før jul byrja eg på mitt tredje pledd. Mangen trur sikkert eg er gal som byrjar på nok eit pledd, men det er eit genialt prosjekt å berre ha liggande. Denne gongen er det grønn-fargar. Ikkje komt langt endå, men det skal strikkast på når alle andre prosjekt er kjedelege. Usikker på kven som skal få det eller om eg skal behalde det sjølv.




Med tanke på tidlegare prosjekt som ikkje er fullført endå så veit eg ikkje heilt om eg tørr å innrømma at eg har byrja på nytt klesplagg-prosjekt. Ein vest dennen gongen som er ein blanding mellom strikking og hekling. Eg har prøvd litt, men då eg absolutt ikkje er stiv i hekling trur eg eg skal finne nokon med haugar av heklekompetanse til å hjelpa meg. Tove vert truleg den utskremte.



Og sist men ikkje minst så kom eg på den lure idèen med å strikka sokkar av spraglete garn. Kanskje eit aldri så lite sympati-prosjekt kan ein kalla det og. Tove og Veronica strikkar om dagane sokkar på tynne pinnar. No har eg og eit sokkeprosjekt på pinnenr 2.5. Veldig spent på korleis sokkane vert med slikt spraglete garn :)

Eg får komma meg tilbake til strikkepinnane :) Så god helg alle saman.

2 kommentarer:

Tove sa...

Ser for meg et sokkestrikkende kafèbesøk eller tilsvarende i nærmeste fremtid.....

Irene sa...

Tøflene ble supersøte!! Og ja, det ligger en liten hisen til deg i bloggen min.