onsdag 18. februar 2009

Thord kom som lyn frå klar himmel...

... heile 6 veke før tida. Han hadde det travelt med å komma igong med alt gitt :)

Idag tok eg og Britt (kollega) turen for å besøkja Thord og familien hans. Etter litt skivebom med valg av buss og ein liten luftetur tilbake så kom vi fram. Då fekk vi vita at far i huset faktisk hadde bursdag idag :) Så vi fekk smaka nysteika kringle med nøtter og sjokolade, veldig veldig godt.

Mor er og kollega av meg så noko lite måtte eg sjølvsagt laga til vetle Thord. Hua og smettesjerfet blei laga fyrst. Så kom eg over oppskrifta til Baby Jiffy Sweater, og den var så kjekk å laga at eg måtte berre laga ein til Thord i korrekt farge.

Hua og smetteskjerfet har eg laga i Dale Babygarn, oppskrifta er frå garnstudio her, fant sjølv ut eg ville gjere noko litt spesielt med settet så då hekla eg på løkker.

Jakka er laga i Rubin frå Spar Kjøp, veldig fornøyd med det garnet - veldig godt å strikka med og deilegt å ta på. Oppskrifta finn ein her.

Håpar alt passar og ynskjer familien all lukke vidare :)

3 kommentarer:

Tove sa...

Gaven falt i smak regner jeg med?

Lenedyret sa...

Det virka slik. Thord sov nesten heile tida så fekk ikkje prøvd noko på. Når svigermor kom på besøk så blei det påpeika med ein gong far hadde fått bursdagsklem :)

Veronica sa...

Regner med gavene falt i smak. Spesielt jakken så skikkelig søt ut. :o)