Over er menyen for påsken 2009, med skrivefeil sjølvsagt, men men... Forretten på forståeleg norsk var to grillspyd med marinert svinekjøtt (to typar marinade). Hovudretten var gratinert kanadisk hummar med ei krema suppe på potet og purre. Desserten var Devils food cake (mørk amerikansk sjokoladekaka) med smoothies (ein på jordbær/kiwi og ein på ananas).Iår kom farmor og oppom på påskemiddagen, det var veldig kjekt. Etter tilbakemeldingane å dømma og stønninga etter middagen så var maten godt motteken :)
Det vert noko nytt til neste år, for ifølgje ei venninne så er alt ein gjer meir enn ein gong blitt tradisjon. Og denne tradisjonen vi likar veldig godt :) Eit år til neste gong, eit år til å planlegga ny meny :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar