mandag 17. oktober 2011

Supersize Bamsemums

Eg har hatt store kakebake planar igjen. I januar iår laga eg stor kaka til Hege sin bursdag. I helga hadde Tommy (forloveden til Hege og god kompis) bursdag. Så på kafebesøk med dei i forrige veke så spurte eg han: Kva ynskje du deg til bursdagen då Tommy? Svaret var enkelt no: Nei, ein pose med bamesmums?
Då byrjar dette hovudet å tenkje, før eg var på bussen heim den kvelden så var kaka ferdig planlagt.
Då var det berre å gjennomføre planen.

Forarbeidet:
Har nyleg falt innom ein blogg som eg berre diggar, kakebakedama frå USA. Sweetapolita lagar kaker som ein berre lurar på om er like gode som dei ser ut på bilete. På hennar blog fant eg oppskrifta til ei vanilje kaka. Stor røre, men veldig god! Anbefalar dei som likar å bake kaker i ny å ne å koste på seg eit litermål som viser Cups, plagsomt å prøve å rekne om til g og dl. Kjøpte og inn bamsemums, måtte jo ha ein modell å teikne etter når eg skulle laga mal. Fyllet eg valgte til kaka var sjokoladekrem med kaffi i. Så det var berre å stabla kaka slik at den er klar for skjæring/forminga.

Ein bamse vert født:
Med malen klippa ut så er det berre å skjære vekk alt som malen ikkje dekker. Så er det å forma kaka slik at den går opp og ned på dei rette plassane, heilt til det som var rektangulær kake med 4 lag likar meir på ein forvokst bamsemums. I det fyrste laget med fyll klippa eg og opp nesten ein heil pose med bamsemums, kvifor ikkje prøva korleis det funkar. Når eg var fornøyd med skjæringa mi så er det å drive med dirty icing som det heiter å godt amerikansk. Det betyr at kaka vert dekka av ein eller annan icing/frosting/fyll/krem. Kvifor gjer ein dette? Jo for at kaka ikkje skal smule over alt når ein jobbar vidare, pluss dersom ein skal dekke kaka med marsipan eller fondant så henge denne fint på kaka. Det hjelpe og til å jamne ut kantar og avrunde hjørner. Eg brukte Cacas sin kvite smørkrem til dette. Bamsen fekk litt rundare formar med denne kremmen :)

Fondant:
Hadde planar om å ha smelta sjokolade over heile kaka, slik som ein ekta bamsemums har. Men for at sjokoladen ikkje skulle trekke inn i sjølve kaka så bestemte eg meg for å laga marshmallow fondant, for fyrste gong. Forrige gong laga eg sukkerpaste, så då måtte eg gjere noko nytt no. Nok ein gong så brukte eg oppskriften eg fant på Cacas. Advarsel: 300 g melis var altfor lite, eg knadde og knadde og knadde og knadde... Heldigvis så blei fondanten metta med melis til slutt, så fekk kjevla den ut og lagt på bamsen. I tillegg så prøvde eg meg på å farge fondanten, så dekka og to "små kaker" aka avkapp. Har då i dette forsøket funne ut at marshmallow fondant treng MYKJE melis men er veldig ok å farge. Så no var det inn i kjøleskapet med kaka.

Ferdig bamse, god nok til å ete opp!:
Den skal trekkast med lys kokesjokolade. Så 3 plater har eg oppi ei skål over vannbad. For at sjokoladen skal bli glattare så har eg i 1 ts kokosfett. Dette satt litt smak på sjokoladen, men det var berre godt :)
Så var storebjørn og lillebjørn klar for fest :)

Med kaffi eller te i koppen så kosa vi oss ein liten gjeng med bamsemumskaka og sjokoladekake. Vi fortsatte med ost og kjeks, så skal love vi var mett etterpå ja :)

Tusen takk for ein strålande kveld Tommy og Hege!!

1 kommentar:

Anonym sa...

Det der er bare helt genialt!
--Oddis