onsdag 11. januar 2012

Leikar trekkfugl...

MH017 - Malaysia Airlines frå Schipol til Kuala Lumpur i soloppgong.
Igår, etter ein elendig natt med søvn (mangel på sådan), så stod eg opp 03:15 og gjorde siste finpussen før kofferten blei lukka og låst. Ja, du lese korrekt 04:05 kom taxien som kjørte meg til flyplassen. Umenneskeleg, men skal ein ut og ha de kjekt så vert det av og til såpass :) Eg hadde då 3 flyturar foran meg. Fyrste flyet gjekk frå Flesland igår 06:30 til Schipol/Amsterdam. Dette er ein flyplass eg kjenner godt frå tidlegare turar. Var på Schipol i ca 3.5 timar før eg gjekk ombord på fly 2 som no har teke meg til Kuala Lumpur. Heldigvis er eg allereie sjekka inn og har boardingkortet mitt, så hadde ikkje behov for å oppsøkje nokon transfer skranke her. Har då aldri landa eller vore i Kuala Lumpur før, så toalettbesøket mitt blei jo ein aldri så liten opplevelse. Har for all del sett bilete i blad og på TV, men dette var min fyrste faktiske møte med eit hull i gulvet... Grøss!!!! Heldigvis dukka det opp noko meir gjennkjenneleg når eg gjekk lenger inn og sjekka 5 båsen. Takk og Lov! No har eg ein 1.5 time ventetid før fly nr 3 skal ta meg siste rest av vegen til Sydney/Australia.

Ja, eg skal til Australia igjen... Har ein crazy venninner som ynskjer å studere meir der nede så MÅ ein jo benytta sjansen til å reise på besøk. Så om ikkje altfor lenge startar den forhåpentlegvis solfylte ferien ilag med Camilla og hennar kollektivvenninner Leyla og Cathrine. Ingen konkrete planar for ferien endå, men fleire ting har vore nemnt: Perth, roadtrip på vestkysten, Brisbane, Fraiser Island, Tasmania, Camping i Kangaroo Vally og Uluru (men den er blitt nedstemt pga sommertemperaturar opp mot 40-45 grader denne tida av året).

Uansett kva som skjer så skal eg prøva å få laga nokon innlegg her iløpet av turen. Overflødig sol loves sendt heim til trengande i Noreg :)

1 kommentar:

Anonym sa...

Endelig på vei!
God tur videre. Håper du får mye fint vær og mange fine opplevelser. :o)

Klem fra Veronica