tirsdag 20. mai 2008

"Kitchner Stitch" ala Farmor (med strikkepinnar)

Fyrste gongen eg lærte meg å strikka sokkar lærte farmor meg å laga hælen på ein veldig ulike måte frå nokon andre. Når eg byrja å strikka denne gongen så ser eg at resultatet av denne hælen liknar veldig på det ein får etter Kitchner Stitch. Men på farmor sin måte så strikkar ein alt og vrangsida ser litt anleis ut. Skal prøva å forklara korleis ein gjer det her.

Legg stykkene som skal strikkast saman med vrangsida mot kvarandre. Det viktigaste å hugsa på når ein skal gjere dette er at tråden ein strikkar med alltid skal vera på rettsida av strikket, altså alltid foran ein pinne.

Så er det berre å byrja strikka masker saman. Sjølve strikketøyet snur ein ikkje, ein berre stikkar saman maskar på sida mot eller frå ein. Ein byrjar alltid på motsatt pinne av den som tråden ein strikkar med er festa i. Eg byrja difor på bakerste pinne, med å strikka to maskar saman.

Når ein har stikka to maskar saman så må ein setje den ny maska tilbake på pinnen vi strikka på og flytta strikketråden frå baksida til framsida av strikket.
Og så er det å gjere det same ein gong til. Strikk to maskar saman, plasser den nye maska tilbake på pinnen, flytt tråden tilbake til "baksida" av strikketøyet.

Så er det berre å fortsetja til der er ein maske att på kvar pinne. Utgangspunktet bør sjølvsagt vera likt mange maskar på kvar pinne slik at ein går i null når ein er ferdig.
Når der er to maskar att kjem det sjølvsagt an på kva ein lagar. Lagar ein sokkar så vil ein no plukke opp på sida av hælen og fortsetje sokken framover og fordelt dei siste to maskane. Dersom ein skal ha ein ende her har eg pleid å ta siste nye maska bak masken på det som vil bli siste pinnen som skal strikkast. Så strikka desse maskene saman og dratt tråden gjennom og festa.

Resultatet på vrangen etter denne samanstrikkinga vert som vist på bilete til høgre. Dersom nokon lurar så er det ikkje ubehagleg å gå på desse maskene dersom ein lagar hæl på denne måten.




Rettesida av strikketøyet vert som på bilete til venstre. Eg har brukt denne måten å avslutte tuppen på alle Jaywalkerane eg har strikka. Skulderpartiet på kjolen eg strikka har eg og strikka saman på denne måten, og det er ikkje noko ubehag av vrangsida.

Det er berre for folk å sjekke kva dei syns om denne måten å avslutta på usynleg. Eg syns nemleg Kitchner Stitch er vanskeleg, sjølv om eg har brukt den og. På eit skjerf som skulle vera synleg frå begge sider (retten og vrangen) så då valgte eg Kitchner Stitch.

Grunne til at eg har laga dette innlegget er fordi eg ikkje har møtt nokon som kunne eller har sett denne metoden å strikka på nokon stad. Tvilar ikkje på at den er der ute, men då eg heller ikkje veit kva strikkemetoden heiter/vert kalla så veit eg ikkje kva eg skal sjå etter. Men kanskje nokon prøvar denne og syns dette var litt kjekk å kunne så legg den ut uansett.

3 kommentarer:

Tove sa...

Syk, liksom? *fnis*

oddis sa...

Wow, det var en teknisk artikkel! Tror jeg holder meg til fifige artikler om kvantemekanikk eller noe slikt. Omtrent på samme nivå. :)

Anonym sa...

Snedig gjort! Strikking er avanserte greier skjønner jeg. Kan iallefall være :)