mandag 10. mars 2008

Strikkakjole

Her om dagen fant eg ei side, Birgirsdottir, og litt nedpå sida fant eg ein kjole eg like veldig godt. Har ikkje lest eller høyrt noko om desse sidene før, men tok no sjansen på at det skulle gå greitt å bestille derifrå. Bestilte oppskrift og garn, og toppen 3 dagar etterpå kunne eg ta turen innom posten og henta pakken. Byrja sjølvsagt med ein gong og :)

Eg er ikkje nokon verdensmeistar på å strikka mønsterstrikk med fleire fargar, så den nederste borden var det om å gjere å bli kjapt ferdig med. Syns roseborden blei sånn passe, får øva meir på slikt seinare.

Så byrja det som skulle vere den enkle delen, men skal innrømme at eg misforstod mønsteret. Var komt heilt opp til der eg skulle til å strikka livet når endeleg eg tok kalkulatoren fram og rekte opp ned til roseborden igjen. Eg hadde nemleg korta inn skjørtet på kjolen for kjapt. Så då var det å strikka frå "byrjan" igjen. Men det gjekk rimleg kjakt andre gongen. Kom til livet, byrja plutseleg på brystet og i helga blei skuldrene strikka saman. Hekla 2 omgongar med fastmasker rundt halsen og ermene. Festa trådar og dampa den idag.

Kanskje eg tek den på meg imorgon :)

2 kommentarer:

Tove sa...

Fliiiiiink!!! Gleder meg til å se den på i morgen!

Anna-Maylén sa...

Dæven!!! Utrolig fin! Så flink du er!! Og jeg som var sååå stolt av min stakkars vott uten tommel, også ser jeg det her! Gurimalla I have a looong way to go! hehe.. Godt vi kan inspirere hverandre da :)