I anledningen deira bursdag så kunne eg ikkje la dagen gå heilt upåakta hen, sjølv om eg dessverre ikkje har same kontakten med dei no som før. Begge har nemleg flytta frå vestlandet, begge har ofra Bergens regnet for lange vintrar på Oslo-kanten. Skule og kjærestar er nok hovudgrunnen.Då eg ikkje ha så mykje kontakt med dei som før, så er det absolutt ikkje lett å finne på gåver til dei. Eg har då strikka Birch-sjal til kvar av dei. Begge er i lilla-fargar, det eine med tynn gultråd i garnet. Garna eg har benytta er Fonty og Kido Lame, personleg hadde eg ingen forhold til garna. Dei var grei å strikka med, veldig tynt og veldig statisk. Så tøymjuknar luktar det av begge sjala idet dei for med posten :)
Håpar begge jentene fekk feira den STORE dagen aldri så lite sjølv om dei begge jobbar som frivillige på TG.
1 kommentar:
Takker så mye for presangen vennen:)
Legg inn en kommentar