lørdag 28. mars 2009

Vårleg fotosafari

Eg og Tove fant været idag uimotståeleg og pakka kamera i veskene og tok turen til Gamlehaugen.

Eg kom til Bergen i 1996, men dette er faktisk fyrste gongen eg var på Gamlehaugen. Det var deilegt, mildt sagt. Været var nesten upåklageleg, litt kjøling vind i ny og ne. Gamlehaugen var ikkje åpen for omvisning, men vi har jo tidlegare uttalt at ein alltid bør ha grunnar til å komma tilbake til severdigheitar. Så til sommaren...

Eg og måtte her legge ut eit bilete av hestehovane vi fant oppi bakkane på Gamlehaugen, litt ved tilfeldigheit faktisk. Som Tove nemne i sitt innlegg er den det øveste symbolet på vår. Snøklokkene er eit godt teikn på at vinteren held på å gje slipp. Krokusen klarar liksom ikkje å dy seg heller når sola byrja å titte fram. Det er med andre ord godt å bu på vestlandet om dagane :)

Ellers så har Tove og Lasse alt komt med kjempebilete på utfordringen min, så klikk dykk inn og sjå :) Eg skal prøva meg på eigen utfordring, men hestehoven er alt brukt så eg får finna noko anna :)

Det blei og fotografert noko ferdig strikkeprosjekt, men då dei skal bli gåver så kjem dei fyrst på bloggen om litt.

onsdag 25. mars 2009

Utfordring...

Der er mangen forskjellege utfordringar rundt om på bloggane til folk om dagane. Denne gongen ville eg prøva å start ein liten ein på eiga hand.

Så då utfordrar eg Birkus, Mooncat, Veronica, Tove, Tommy, Bjørnar, Lasse og Oddis til å ta fram kameraene sine for å fotografere. Sjølvsagt er der eit aldri så lite tema. Eg utfordrar alle til å ta bilete med ein basis former (sirkel, firkant og trekant) og ein primærfargar (raud, gul og blå), det er og åpent for artistisk friheit. Så iløpet av veka 16, etter påske, så kunne bileta bli blogga i respektive bloggar :)

Håpar ein del tek utfordringen og gledar meg til å sjekke bloggane til folk etter resultat :D

Innlegg redigert etter "kritikk" :)

torsdag 19. mars 2009

Kva dyr er eg...

... vel trulegvis ein gris. Grisepersonar er vist som følgjande:

Du er søt, snill og morsom, men bryr deg kanskje ikke så mye om skikk og bruk. Du liker å leve livet, og nyter det gode liv med mye mat og god drikke. Du bryr deg lite om hva andre synes om dine vaner og uvaner. Men du har alltid godt humør og er en skikkelig kjælegris når du er sammen med dine nærmeste. Nøff, nøff!

Ein litt morosam test eg fant på Veronica si side. Her er linken.

onsdag 18. mars 2009

Veldedig strikking

Vi er av og til ein liten gjeng som møtast på Huset Pub i sentrum for å strikka. Vanlegvis skjer dette på torsdagar etter jobb, iallefall har det vore dagen som er blitt valgt så langt. På desse treffa våre så er det strikking og preiking som står høgst på lista. Ein torsdag nyleg kom vi inn på tema restegarn. Kristin hadde komt over ei dame ein stad som elska å laga pledd av restegarn og som gjerne tok imot restar frå alle berre dei var minst 2 m lange. Så gjekk preiket livleg vidare ei stund, så no har vi funne ut at restegarn som det kan strikkast huer til premature babyar av skal så gjerast, resten utover det kan dama få :)

Eg blei så inspirert at då eg kom heim den kvelden fant eg fram restegarn med ein gong. Satt meg ned på Ravelry og fant ein del oppskrifter til huer.

Har som bilete over visar strikka 5 huer til no, dei fleste på laurdagen som var. Det er jo så kjapt og greitt å strikka desse medan ein ser på noko meiningslaust på TV :)

lørdag 14. mars 2009

VÅR!!!

Då vil eg påstå at VÅREN er komt til Bergen iallefall. Kan liksom ikkje seie stort om resten av Hordaland eller vestlanden for den del. Bur i ein litt for liten del til det, men har frå sikre kilder i Sogn at der har det og vore VÅR idag :)

Bilete til høgre tok eg idag i balkongkassen min. Eg har store planar om å tømme balkongkassen for å gjere den betre drenert og for å planta det eg vil ha der. Til dess er det jo veldig kjekt med krokusen som kjem opp. Trur faktisk eg må planta krokus i balkongkassen sjølv etter eg har fått fiksa opp i den.

Så no er det kanskje ikkje så altfor lenge igjen før hagemøblane kan takast fram, oljast og nytast :)

VÅR!!!

onsdag 25. februar 2009

Maria and Mads sitting in a tree...

... K I S S I N G! og vi veit alle kor uskuldigt men produktivt det kan vera. Ein heil liten babygutt faktisk. Syns det er kjempe kjekt for dei, reknar med store systera og gledar seg ein aldri så liten bit.

Maria er ein god kollega og Mads ein tidlegare god kollega, så eit eller anna måtte eg jo laga :)

Nok ei jakka av typen Baby Jiffy Sweater. Dette var faktisk den fyrste eg laga, og då hadde eg alpakka tilgjengeleg. Så jakka vert eit handvaskplagg...

Må og innrømma at når eg byrja strikka babyhua og smetteskjerf så blei eg hekta og såpasse nøgd med resultatet, så eg berre måtte laga det til denne vetle guten og. Har her og brukt Dale babyull. Oppskrifta er det linka til i innlegget om Thord :)

Avleveringen av gåva var gjordt i skjul. Men sålenge der er andre kollegaer i landskapet når pakken vert lagt på pulten, så er du garantert at nokon fekk det med seg og sladra :) I dette tilfelle så hadde det vist blitt ein liten oppstandelse rundt pulten når pakken blei åpna og. Alltid kjekt å vita at folk likar å sjå det ein lagar.

Ynskjer Maria, Mads og store syster lukke til framover :D

torsdag 19. februar 2009

Til lille "Rosa"

Tysdag 17. februar sende eg ein liten pakke til Anna-Maylèn med eit par småting. Seinare på dagen fekk eg vite frå Tove at lille Rosa var komt til verda.

Eg har tidlegare uttrykt at der er mangen babyar nyleg ankommet eller rett rundt hjørnet, men lille "Rosa" var faktisk den einaste jenta som var spådd. Så eg berre måtte kasta meg inn i leiken om å laga noko jentete, gudane veit når eg får sjansen igjen...

Eg byrja fyrst på ein kjole, men rotete som eg er så klarte eg å forlegge oppskrifta *flau* Så eg byrja bla i dei oppskriftsheftene eg hadde liggande og den rosa kreasjonen til over blei resultatet. Til å vera min fyrste babykjole så gjekk det sånn noko lunde iallefall. Laga og dei tilhørande babysokkane.

Ellers så følte eg ikkje for å stoppa med kjolen. Kom nemleg over ein lilla tråd som eg berre måtte kjøpa. Den forvandla eg til denne cardiganen. Oppskrifta skal ha ribbestrikk på enden av armane, men inspirert etter kjolen så prøvde eg meg med ein innbretta kant.

Alt er laga i absolutt ikkje kjønnsnøytrale fargar, snarare tvert imot. Anna-Maylèn har vel og gitt uttrykk for at ho ynskja det på den måten og så. Og du kor kjekt det var, no skjønnar eg endå meir kvifor jenteavdelingen på babybutikkar har større utvalg... Det er noko veldig tilfredstillande med å laga jentekler.

Idag fekk eg då meldingen om at pakken var mottatt på barselavdelingen og mor var i fare for å bli dehydrert. Håpar det er gledestårar for det var ein glede å laga desse ting :)

Lukka til Anna-Maylèn og heile familien, gledar meg til å sjå Thea iallefall på bilete. Og håpar eg klarar lura inn eit personleg besøk og ein gong :)

onsdag 18. februar 2009

Thord kom som lyn frå klar himmel...

... heile 6 veke før tida. Han hadde det travelt med å komma igong med alt gitt :)

Idag tok eg og Britt (kollega) turen for å besøkja Thord og familien hans. Etter litt skivebom med valg av buss og ein liten luftetur tilbake så kom vi fram. Då fekk vi vita at far i huset faktisk hadde bursdag idag :) Så vi fekk smaka nysteika kringle med nøtter og sjokolade, veldig veldig godt.

Mor er og kollega av meg så noko lite måtte eg sjølvsagt laga til vetle Thord. Hua og smettesjerfet blei laga fyrst. Så kom eg over oppskrifta til Baby Jiffy Sweater, og den var så kjekk å laga at eg måtte berre laga ein til Thord i korrekt farge.

Hua og smetteskjerfet har eg laga i Dale Babygarn, oppskrifta er frå garnstudio her, fant sjølv ut eg ville gjere noko litt spesielt med settet så då hekla eg på løkker.

Jakka er laga i Rubin frå Spar Kjøp, veldig fornøyd med det garnet - veldig godt å strikka med og deilegt å ta på. Oppskrifta finn ein her.

Håpar alt passar og ynskjer familien all lukke vidare :)

Vinterfotografering

Av og til skulle vi vel alle likt å teke fri frå jobb om vinteren for å få litt dagslys. Forrige veke så avtalte eg å ta fri ein halv arbeidsdag. Fyrst snakka eg og Tove om å møtast i sentrum med kamera torsdagen, men ho overtalte meg til å ta forlenge helg så fredag 13. feb gjekk turen til sentrum etter lunsj.

For dei som bur i Bergen eller Bergen omeng så hugsar dei kanskje det sinnsjuke været vi hadde torsdagen 12. feb... Det var snø, sludd og regn i ein fin bøtteballett heile dagen. Så når eg vakna fredag morgon og såg at det var skyfritt ute... Var rimleg happy då ja :)

Bilete til venstre forteljer litt om korleis tilstanden var i Bergen sentrum på ettermiddagen fredag 13. februar. Bilete er frå enden av Shetlands Larsens Brygge ved Zachen.

Etter ein liten tur til Nordnes så møtte vi felles kjente i sentrum og satt oss på kafe og strikka, kosa oss med varm sjokolade og sjokoladekaka. Litt middag litt seinar, før vi gjekk på Bergen Hotel og Pub og strikka vidar. Var ein HERLEG start på helga, slike kan anbefalast til alle ein gong i ny og ne :)

torsdag 5. februar 2009

Nattfotografering

Etter å ha sett mangen flotte bilete på Tove sin blogg i det siste, blei eg tilstekkeleg inspirert til å finne fram kamera når det slutta å snø ikveld. Fant lyskilder i mørke så eg slapp bruka blits. Alle bileta er teke rundt om i mitt borettslag, for eg gadd sjølvsagt ikkje gå langt i kulden.

Fekk faktisk eit par bilete som eg likte på den vetle turen min og tenkte eg kunne dela med folk. Bevis på at eg kan faktisk finne på å gjere andre ting enn berre å strikka og lese bok om dagane :)