søndag 16. mars 2008

TG aka The Gathering

For dei som ikkje veit kva TG (aka The Gathering)er så er det eit alternativt påskeopplegg for dei som ikkje syns skigåing er det kjekkaste i verda. Som f.eks meg og nesten 280 andre frivillige og 5.500 deltakara. Må med ein gong meddela at eg har ikkje vore på TG sidan 2005, og saknar det faktisk kvart år rundt påske.

Sikkert mangen som ikkje kan forstå kva ein kan sakna med eit arrangement som TG, og kven som heller vil sitja framfor PC'en heile påsken. Vel PC'en var aldri det som fekk meg med på TG, det var personane, kollegaene og deltakarane. Hadde med meg laptopen ein gong på TG, og brukte den ein gong. I tillegg fekk eg ein tilbakemelding frå ein far som henta guttungen ein påske, han meinte det var eit genialt påfunn å ha TG i påsken for då slapp han at guttungen satt på hytta og var sur. Alle fekk det dei ville utav påsken og det var det som var viktigast.

Ein opplevar så ubeskriveleg mykje på TG. Som bilete over og til venstre visar. Hyggeleg folk ein jobbar med, og merk slagmarka i bakgrunnen. Folk sit ikkje framfor PC'en heile tida, ikkje etter dei fyrste 48 timane iallefall. Der er og mangen konkurransar ein kan delta i, der er konsertar, der har vore lasergames (som på wasteland), dansemaskiner osv.
På TG har eg vore eit par forskjellege ting. Fyrste året mitt var i 1997. Då var eg vakt på golvet, blei kjent med så mangen nye menneske og vil aldri gløyma dei heller. Opp gjennom åra lærte vi sjølvsagt forskjellege ting og kvart år prøvde vi nye ting for å få alt til å gå meir på skinner. Hugsar framleis påsken då eg stod ved Nordre port og tok imot alt som kom av bussar med deltakara. Meinar å hugsa at eg tok imot nesten 30 bussar åleine. Det var ein opplevelse og det var kaldt. I 2000 blei eg skiftleiar for dagskiftet og fekk ein kjekk gjeng folk under meg som eg skulle halde styr på som igjen hjalp meg å halde styr på 5.500 deltakara. Det er ikkje berre berre å ta imot alle dei deltakarane, det trur eg alle frå TG kan skrive under på. Trur ikkje eg gjorde ein altfor dårleg jobb som skiftleiar, prøvde iallefall å ta vare på alle under meg. Så i 2003 fant eg ut eg ville prøva meg som Medic, og fekk der Fishamster som sjef, karen på bilete over. Hadde sjølvsagt allereie snakka ein god del med han frå før så den overgongen var grei. Største forandringa var å jobba på natt. Eg, Fishhamser og Bandit har vist og fått igong eit "uttrykk" på TG, men ikkje sikker på om det gjer seg på ein blogg som dette. I sensurert form vert det: "XXX i øret og XXXXX i beltet". Vi hadde det mildtsagt kjekt.

Bilete fyrst i innlegget er frå TG når det er komt godt igong, under er det bilete frå etter alle deltakarane har reist. No gjenstår det kun å rydda opp att så kan Vikingskipet igjen vera arena for hundeshows ol.
Eg må komma meg tilbake på TG igjen. Jobba der 2 år til så kan eg seie til alle at eg har jobba som frivillig på TG i 10 år.

GOD PÅSKE til alle eg kjenner, og kanskje litt meir til alle dei som skal jobba på TG i år :) Stor klem frå Sogningen (Duchess)

1 kommentar:

Veronica sa...

Du vurderer ikke å returnere til TG? Virker som om du savner det en del.

Kanskje det er noen kjente der fremdeles... ;)