søndag 16. mars 2008

Vår og påske

Idag har det vore ekte påskevær på balkongen og inn i stova mi. Krokusen står i kassen på balkongen min. Sola varma jo faktisk idag. Men verdt å merkje seg at det kl 20:30 ikveld snøa utfor vindauga istaden (ikkje det at sol var forventa på det tidspunktet). Mars månad er kanskje ikkje den mest værstabile mnd i året. Håpar uansett at været held seg noko lunde stabilt fint denne veka slik at folk får ei fin påskefeiring.

Eg har 2 arbeidsdagar att så reise eg heim til Vik i påsken. Vert nok eit eller annan strikka i påsken for min del, skia verken har eller likar eg.

Ingen kommentarer: