onsdag 9. april 2008

Sokkar til mor og...

For ei tid tilbake strikka eg eit par jaywalkers til pappa. Den gongen ville eg gjerne strikka noko til mamma og men då ho er ein strikkeguru av dimensjonar kom eg ikkje på noko. Så når eg var heime i påsken så spurte eg like greitt. Svaret var såre enkelt: Sokkar! Ho likar vist ikkje å strikka den slags. Så vel tilbake i Bergen handla eg garn og byrja på eit nytt par jaywalkers.

Blei litt skremt når eg ikkje fant jaywalker-oppskriften på MagKnits, då den sida var nedlagt, men til min glede hadde designeren blitt medlem av Ravelry og lagt oppskrifta der :)


Ein tanke som slo meg som lyn frå skyfri himmel ein dag etter sjukebesøk hjå ein tidlegare kollega var at eg har til gode å strikka noko til farmor. Så etter å ha hjulpe Ann Christin med eit sjal ein del den dagen, så sprang eg innom ein garnbutikk og handla 3 nøster med lilla Sisu og byrja med ein gong. Medan oppskrifta på det sjalet framleis var tilstade i hjernen min.

Fru Turøy har laga dette, då det er der inspirasjonen kjem frå nok ein gong. Tenkte eg skulle laga eit par offwhite blomstra å ha på sjalet når det var ferdig. Har fått advarsel frå ho mor om ikkje å ha for mange blomstra på for farmor likar vist ikkje slikt.


Til jul laga eg Twinkeltoes til jentene i det Blå huset, men størrelsane var heilt på tryne for å sei det mildt. Lykke sine fekk dokka, Oline sine fekk Lykke og Hanne sine beholdt Hanne, så Oline er Twinkeltoeless.

Litt flaut å innrømme at fyrst no har eg byrja å strikka nye til Oline, men heldigvis går det kjapt, så snart har ho eit par ho kan bruka og. Håpar ho likar fargen, vert ikkje som dei ho fekk til jul men ikkje kunne bruka.

3 kommentarer:

Unknown sa...

Hva ialle dager er twinkeltoes? :)

Unknown sa...

Må slenge på en kommentar til. Sjalet ser veldig bra ut ja :) Du burde slenge opp en nettbutikk og selge noe av det du lager :)

Veronica sa...

Jeg er imponert over produktiviteten!

Enig med din mor i at sokker er forferdelig kjedelig å strikke. Tror det kan gå svært lang tid før min bror ser noe til sine...

Bra han ikke vet noe om at jeg strikker dem. ;)