På bileta ser vi kor gråsporven kosar seg i Skomakerstredet, godt gamalt øs pøsande regnvær med særegen karakter, skipet Bounty (bygga for filmen "Mytteriet på Bounty" på 70-tallet) som har hatt rollen som The Black Pearl i Pirates of the Carribean-filmane, og galningane i riggingen er på Statsraaden. Tusen takk for lufteturane til Kristina og Kenneth på laurdagen og Tommy og Hege på søndagen. Blei lite sparkling, men ville jo ikkje vore utan sveler, godt selskap og omvisning i Rosenkrantztåret på Festningen heller... Sparkle kan eg gjere til helga att :)
onsdag 14. september 2011
Helga som kunne regna vekk, men gjorde det ikkje...
Helga som allereie følast milevis unna (altså den siste helga), var begivenheitsfull i Bergen by. Der var Bergen Matfestival, Bergenhusdagene, skipet frå Pirates-filmane låg til kai pluss ein del gamle kjenningar (Stord I, Granvin og Oster bl.a). Og særdeles skiftande vær, noko eg reknar med ein kan sjå på bileta under. Så innimellom sveler, sol, fotografering, fiskekaker og øs pøsande regnvær så var det tid for å ha det kosleg og.
tirsdag 13. september 2011
Hyttetur - makrell og tyttebær!
Siste helga i august måtte eg benytta siste sjansen til å bruka bilen eg var bilpassar til heile sommaren. Var meininga å reise heim til sogn, men foreldra mine hadde planar om å reise på hyttetur til Skifjorden. Der var meir enn nok plass til at eg kunne vera med dersom eg ville og, så kvifor ikkje. Pakka sekken torsdagskvelden og pakka alt i bilen når eg reiste på jobb fredagsmorgonen. Reiste direkte frå jobb mot ferja på Oppedal - Lavik. Der møtte eg mamma og pappa og fulgte dei resten av vegen.
Fredagskvelden slappa vi av, blei med kveldsmat og preik før alle la seg rimleg tidleg. Hadde nemleg fått grei beskjed om at det skulle fiskast denne helga, og vi kunne ikkje vera for seint ute på vatnet.
Laurdagen byrja med felles frukost. Så steika vi kvar vår omelett som vi pakka med oss til nistepakke, ilag med ei kanne kaffi og ein liten termos te. Det regna denne dagen, så utkledd som småungar påveg til barnehagen i Bergen så gjekk vi til båten :)
Med himmelen i hovudet og regn i fjeset så tøffa vi utover fjorden, runde fyrtårent og la oss til. Slapp uti to pilkar med tyttebærkrokar og ei fiskestang med diverse. Plutseleg så ville ikkje pilkane synka meir, og når vi byrja dra opp så var dei snøra definitivt i live. Å dra opp eit snøre og sjå 4-5 raske makrellar på tyttebærkrokane er eit rush. Var veldig gledeleg og sidan vi hadde jo håpa på å kunne få litt makrell og då. Etter eit par gongar der snøret aldri kom halvveges til botn og ca 30 makrell seinare så satt vi foten ned (bøtta var FULL). Så utpå fjorden så måtte pappa byrja å sløye, noko stor måken likte veldig godt :) 6 timar seinare og ca 30 makrellar rikar så reiste vi heim.
Heldigvis så fekk vi litt opplett på søndagen, så då fekk vi alle nyta utsikten og terrassen. Eg fekk og plukka eit par verkelege tyttebær utan krok. Desse fekk farmor, ho er veldig glad i rørte tyttebær. Etter stekt makrell til middag og ein kjapp utvask så gjekk vegen heim att. Ei strålande helg må dette definitivt kallast :) Tusen takk mamma og pappa!!
søndag 14. august 2011
Tida flyr...
Eg har hatt ein LANG bloggtørke, for å seie det mildt. Den blei faktisk like lang som vinteren vi fekk denne gongen. Rett før snøen forsvant og livet byrja å komma tilbake til Noreg så gjekk det opp for fleire av meg og mine venner at vinteren hadde vart i 6 mnd. Min blogg tørke har vore litt lenger, men skal no prøva å oppsummere tørketida slik at eg kan komma igong att med ny frisk :) Vinteren var lang, men der var eit par flotte dagar då og.

I vinter blei eg veldig hekta på å strikke selbuvottar, sokker og inne-strikke-sko. Reknar med å selgja til folk på jobben. Det er ikkje den varmaste plassen på jord på kalde dagar, så der er det behov for varme plagg. Blei hekta på mønstera til Jorid, så vottane i effektgarn er begge hennar mønster. Mønsteret til dalahesten hugsar eg ikkje kor eg fant no. Den raude og gule votten er Stjørdalsvotten, fant den som kit på Værnes flyplass påveg heim frå eit møte i Trondheim, måtte berre kjøpa :) Alle er strikka i reint ullgarn av forskjellege typar. Inne-strikk-skoa mine har eg i det siste strikka i Colorado, kjøpt her. Oppskrifta til Inne-strikke-skoa er kjøpt hjå Ateljè Margarethe. Sokkane hugsar eg ikkje kva mønster eg har benytta, men det lilla garnet er arwetta. Der vert nok meir av dette gjennom året :)
I februar blei eg og bror min invitert til å møta mamma og pappa i syden for ei veke med sol, avslapping og ikkje minst familiehygge. Det var deilegt!! Kor mangen er det som reise til syden, kjøpe seg eingongs grill og grillar pølser og småpølser på plenen? Storkosa oss!!
I påsken har eg og bror min dei siste 4-5 åra laga 3-retters middag til heile familien. Vi pønskar ut menyen eit par måndar i forvegen, planlegge kven som handlar inn kva, så kokkelerar vi ilag og byr på god mat og drikke. Iår laga vi skalldyr risotto til forrett. Kalvesteik med fløtegratinerte poteter og diverse grønnsaker. Til dessert hadde vi laga pannacotta med bærcoulie. Vi blei alle like mett som etter jule og nyttårsmiddagane :)
Har hatt ein liten tur til Luxembourg. Ein flott plass og definitivt vert å besøkja. Så neste gong du har lyst på ein storbyferie men ikkje veit akkuratt kva storby å besøkja, vurder Luxembourg sterkt. Resten av Europa er kun korte togturar unna, f.eks Paris er 2 timar hurtigtog, Trier (Tyskland) er kun 30 min togtur unna. Men Luxembourg har mykje å by på av ting å sjå og historie. Folk var veldig hygglege, maten var god, shopping og sightseeing m.m :)
Der har vore forøkningar i verda, og nokon har faktisk eg og strikka til (og hekla faktisk). Dette blei eit sommarbarn, født 2-3 veke for tidleg. Eg fant ut at ei jakke i tynn bomull, og oppskrift blei Garder Yoke Baby Cardigan. Pleddet er enkle bestemorsruten i Spar Kjøps Baby Superwash. Kjekt å høyra at begge deler vert brukt regelmessig :) Kanksje eg må strikka ein vintersett til vetleguten Sander til vinteren?? :)
Sommarferien har eg tilbrakt heime i Sogn. Rundt huset har det florert med småfuglar, meir enn noko år tidlegare. Reknar med det er eit resultat av pappa sin trufaste mating av alle småfuglar dei siste par vinterane. Det er ei fryd å sjå og høyra alle småfuglane, men det er og moro å prøva å fotografere dei. Kamera låg alltid klart med telelensa klar denne sommaren. Under er eit lite utdrag av det vi hadde i hagen :)

Dette er noko av det eg har gjort på i bloggtørketida mi når eg ikkje har sete i sofaen med strikketøyet i fanget, vore på trening, vore med venner, spelt brettspel o.l.
Håpar no å komma igong med litt meir regelmessig blogging att. Det er litt med blogging som med slanking og trening, det er tungt å komma igong men når ein fyrst er komt igong så går det delvis av seg sjølv :)
Etiketter:
Diverse strikk,
Familie,
Fotografering,
Garn,
Hekling,
Mat og Drikke,
Vinter
søndag 30. januar 2011
Kake - American style

Eg laga KAKA i helga, skikkeleg american style. Lysten har vore der lenge, så når Hege hadde bursdag så følte eg tida var dags for å prøva seg. Så byrja å planlegge der og då. Var innom mangen tema fær eg fekk ideen til å laga ein Sugar skull, og den ideen satt seg fast :) Til høgre er ein av mangen inspirasjonskilder.Så då var ideen klar, men kva kaka ville eg ha, kva kremmar, korleis ville eg pynta den osv. Så tok for meg internett og ein liten tur på bakebutikken. Så kakene blei bestemt fyrst; cappoccino kaka, kokoskaka og sjokoladekaka. Så var det kva som skulle vera mellom kakene og kva ville eg ha oppå kaka. Mellom laga blei det kaffesmørkrem. Utanpå blei det vanilla icing og heimelaga og heimefarga sukkermasse. Og alt, bortsett frå sjokoladekaka, laga eg for fyrste gong i helga.
Søndagen laga eg pikekyss av resten av marengs icingen. Dei såg giftige ut fekk eg vita av døtterene til eit vennepar, men dei var vist berre farlig gode :)
.
Har allereie byrja å tenkje på kva kaka eg skal laga neste gong, for dette var veldig kjekt :)
fredag 31. desember 2010
Sydney Operahus
Dette bygget treng ingen introduksjon reknar eg med :) Det er jo ein interesant og litt rar bygning, men ein ting skuffa meg stort... På kveldane så var den sjeldan og aldri opplyst, og dette er ein bygning som ber som å bli opplyst. Bergen er flinkare med å lyse opp Ulrikken enn Sydney var til å lyse opp Operahuset på nattestid. Nattebilete eg har av Operahuset var berre eit eingongstilfelle, vanlegvis var der toppen 3 lommelykter som lyste på det. Trur Operahuset er den eine tingen eg kan seie eg har gjort meg ferdig med i Australia...Resten av Australia må nok besøkjast igjen. Ein veit at det er eit stort land, men at det var så stort blei iallefall eg klar over fyrst når eg kom ned. Neste gong skal eg ikkje reise på slutten av året, heller på starten :)
torsdag 30. desember 2010
Jentetur til Melbourne
Ein liten gjeng på 5 jenter tok turen til Melbourne; meg, Camilla, Rine, Leyla og Cathrine ("samboaren" til Leyla). Tiger Airways er ikkje å anbefala når det skal flygast innlands i Australia...
Melbourne er ein by som virkar til å vera veldig ulik mangen av dei andre byane i Australia. Den har eit meir europeisk preg. Byen lønnar og ein liten hær med kunstnarar som har i jobb å dekke over tagging. Byen er og dekka av kunstverk langs gatene og inn i smug. Ein må følgja med heile tida.
Bileta, øverste halvdel:
Øverst til venstre: Ved eit overgangsfelt midt i byen traff vi på desse tre karane, skikkelege sjarmørar. Vi var solgt alle :). Vetle bilete under til venstre: St. Pauls Cathedral ala Australia. Ei flott kyrkje, men ikkje like imponerande som motparten i London. Vetle bilete under til høgre: Tre benkar var plassert utanfor St. Pauls og foran dei stod det Ladies only. Den var ny, og karen som satt seg brydde seg ikkje så veldig. Stort bilete oppe: Cooks Cottage, som i barndomsheimen til Capt. Cook som "oppdaga" Australia. Flytta til Melbourne frå England, stein for stein. Vetle bilete oppe og nedover (3 stk): Dette er kopi av fosilet til eit maurpinnsvin. - Så har vi det artig i hagen til Cooks Cottage. Trur ikkje eg har ledd så mykje på det eg kan minnes. - Så har eg klart å ta eit bilete av solnedgongen over Melbourne frå toget frå ein bydel litt utanfor.
Underste halvdelen:
Vetle bilete oppe til venstre: Denne papegøyen eksisterte kun for å dekka over nokon som ikkje såg like kult ut på same veggen. Det same gjelder det storte bilete til høgre. Det midels store bilete nede til venstre er ein installasjon som vi tilfeldigvis såg inn eit smug og måtte sjekke nærmare. Hang på veggen frå 3. etasje og ned til litt over døre i 1. etasje. Skikkeleg kul. Resten av dei små bileta visar korleis heimelaga/handlaga drops blei til. Dette oppdaga vi i eit butikkvindauga vi gjekk forbi, så den butikken måtte vi sjølvsagt inn i :)
Gjentar at Tiger Airways er ikkje anbefalt til innlandsflygning i Australia. Dårleg info, plutselege ekstra utgifter og veldig varierande service. Ellers var Melbourne ein opplevelse, der det gjenstår masse.
Melbourne er ein by som virkar til å vera veldig ulik mangen av dei andre byane i Australia. Den har eit meir europeisk preg. Byen lønnar og ein liten hær med kunstnarar som har i jobb å dekke over tagging. Byen er og dekka av kunstverk langs gatene og inn i smug. Ein må følgja med heile tida.
Bileta, øverste halvdel:
Øverst til venstre: Ved eit overgangsfelt midt i byen traff vi på desse tre karane, skikkelege sjarmørar. Vi var solgt alle :). Vetle bilete under til venstre: St. Pauls Cathedral ala Australia. Ei flott kyrkje, men ikkje like imponerande som motparten i London. Vetle bilete under til høgre: Tre benkar var plassert utanfor St. Pauls og foran dei stod det Ladies only. Den var ny, og karen som satt seg brydde seg ikkje så veldig. Stort bilete oppe: Cooks Cottage, som i barndomsheimen til Capt. Cook som "oppdaga" Australia. Flytta til Melbourne frå England, stein for stein. Vetle bilete oppe og nedover (3 stk): Dette er kopi av fosilet til eit maurpinnsvin. - Så har vi det artig i hagen til Cooks Cottage. Trur ikkje eg har ledd så mykje på det eg kan minnes. - Så har eg klart å ta eit bilete av solnedgongen over Melbourne frå toget frå ein bydel litt utanfor.
Underste halvdelen:Vetle bilete oppe til venstre: Denne papegøyen eksisterte kun for å dekka over nokon som ikkje såg like kult ut på same veggen. Det same gjelder det storte bilete til høgre. Det midels store bilete nede til venstre er ein installasjon som vi tilfeldigvis såg inn eit smug og måtte sjekke nærmare. Hang på veggen frå 3. etasje og ned til litt over døre i 1. etasje. Skikkeleg kul. Resten av dei små bileta visar korleis heimelaga/handlaga drops blei til. Dette oppdaga vi i eit butikkvindauga vi gjekk forbi, så den butikken måtte vi sjølvsagt inn i :)
Gjentar at Tiger Airways er ikkje anbefalt til innlandsflygning i Australia. Dårleg info, plutselege ekstra utgifter og veldig varierande service. Ellers var Melbourne ein opplevelse, der det gjenstår masse.
onsdag 29. desember 2010
Taronga Zoo
Ein liten ferjetur frå Sydney Harboure ligger Taronga Zoo. Dit reiste eg, Camilla og Leyla (ein medstudinne av Camilla). Alle er vi fans av søte dyr. Så dette kom til å bli ein kanon dag :)
Bileta:
Øverst til venstre: Her er Sydneys største landemerker sett frå kaien til Taronga Zoo. Midten oppe: Koalaer er søte, og dei vert ikkje mindre søte når dei søv i stillingar som er ubeskrivelege. Midten under: Virka som fleire enn oss nøt sola den dagen. Øverst til høgre: Fluffy profil av beste sort. Vil KOSE med!!! Midte venstre til høgre: Sebraene delte innhegning med sjiraff, søte var dei alle. - Vi såg og Edderkoppaper, i solsteiken hadde dei søkt tilflukt i skyggen og tok seg likegreitt ein lur. - Eit anna landemerke i Sydney er Sydney Tower (dit kom eg meg aldri). - Vi kom oss på hagens selshow, her demonstrerte ein sel kva dei kunne finne på å gjere med eit stykke fiskegarn som kunne flyte rundt i havet. Moro på show, ikkje fult så kjekt på skikkeleg. - Surikat'er er noko av det søtast på ein savanne, det er iallefall eg overbevist om.
Under til venstre: Gjennom glass kunne vi trygt beskue løvene. Hannløva ved Taronga var eit imponerande skue. Flott kar. Midten oppe: Taronga Zoo hadde nyleg fått ein ny "innbyggar", ein dødssøt liten baby elefant. Midten under: Pingviner!!!! Treng eg seie noko meir? Under til høgre: Sjølvsagt var der kenguruar i hagen og. Innhegningen hadde sikkert alle typar kengurudyr i seg, og den fekk vi gå gjennom :)
Nok ein kjekk dag i Australia. Rart eg kom til nesten 1300 bilete på turen?
Bileta:
Øverst til venstre: Her er Sydneys største landemerker sett frå kaien til Taronga Zoo. Midten oppe: Koalaer er søte, og dei vert ikkje mindre søte når dei søv i stillingar som er ubeskrivelege. Midten under: Virka som fleire enn oss nøt sola den dagen. Øverst til høgre: Fluffy profil av beste sort. Vil KOSE med!!! Midte venstre til høgre: Sebraene delte innhegning med sjiraff, søte var dei alle. - Vi såg og Edderkoppaper, i solsteiken hadde dei søkt tilflukt i skyggen og tok seg likegreitt ein lur. - Eit anna landemerke i Sydney er Sydney Tower (dit kom eg meg aldri). - Vi kom oss på hagens selshow, her demonstrerte ein sel kva dei kunne finne på å gjere med eit stykke fiskegarn som kunne flyte rundt i havet. Moro på show, ikkje fult så kjekt på skikkeleg. - Surikat'er er noko av det søtast på ein savanne, det er iallefall eg overbevist om.
Under til venstre: Gjennom glass kunne vi trygt beskue løvene. Hannløva ved Taronga var eit imponerande skue. Flott kar. Midten oppe: Taronga Zoo hadde nyleg fått ein ny "innbyggar", ein dødssøt liten baby elefant. Midten under: Pingviner!!!! Treng eg seie noko meir? Under til høgre: Sjølvsagt var der kenguruar i hagen og. Innhegningen hadde sikkert alle typar kengurudyr i seg, og den fekk vi gå gjennom :)Nok ein kjekk dag i Australia. Rart eg kom til nesten 1300 bilete på turen?
tirsdag 28. desember 2010
Bondie Beach - sun, surf og badevakter!
Bondie Beach var ein sjølvsagt strand å besøkja, og ja eg har sett på Bondie Rescue. Men når vi var på Bondie så forstod eg kjapt at eg ikkje har sett nok. Veit absolutt ikkje kven av livvaktene på TV'en eg har eller ikkje har sett. Når vi ankom stranda såg vi at filmteamet var på plass denne dagen, men der var lite action. Såg ein gong at 2 politifolk kom springande ned trappa ved vakthuset, hoppa opp bakpå den lekre vetle badevaktbilen og blei kjørt bortover stranda. Filmteamet kom styrtande etter 2 stk på ein ATV. Meir fekk eg ikkje med meg dessverre.
På bileta er der litt fokus på badevaktene og vakthuset. I tillegg er der eit bilete av Camilla som benytta tida på stranda til å lese bok og jobba med brunfargen. Der er og eit bilete av 2 ridande politi som patruljerte stranda og promenaden. Hestande var pynta med nissehuer :)
Eg benytta dagen på Bondie til å bada og sola meg. Eg holdt meg ikkje mellom flagga, men eg symde heller ikkje. Blei til at vi gjekk utover til vi hadde havet til midt på magen, dukka oss under og gjekk tilbake. Vi kosa oss på Bondie Beach, det var faktisk vanskeleg å ikkje gjere det.

Sydney Chinese Tea Garden
Blei kjent med to jenter i Australia. Rine kom ilag med Camilla til Australia for å studere, Beate kom ned for å besøkja Rine. Vi tre tok ein tur på Chinese Tea Garden siste dagen Beate var på besøk. Roen i den hagen var utruleg når ein såg alle dei store husa som omkransa hagen. Der var flotte bonzai tre, små stiar omringa av bambus som susa i vinden. Ein rundtur blei avslutta med te og brus i tehuset i hagen. Ein veldig flott opplevelse. Så tusen takk til Rine og Beate som ville vera med meg :)
mandag 27. desember 2010
Whitsundays, GBR og Cairns
Vi bevega oss, men tilgongen til pc etter vi kom att var litt sporadisk og ikkje med tanke på å laste opp bilete eller å laga blogginnlegg. Kva har vi romjula til :)
Vi hadde planlagt noko, men pga særdeles dårleg vær så blei det gjort litt endringar. Vi enda med å reise til Hamilton Island, ta båt til Long Island, overnatta der 4 netter for å dykke (men blei regn, backgammon og strikking istaden), så droppa vi Fraser Island (grunnet dårleg vær og flomvarslar), reiste til Cairns (med Greyhound), livabord båt på Great Barrier Reef (2 dagar, 1 natt og 6 dykk), tilbake til Cairns 1 dag før vi måtte tilbake til Sydney fordi Camilla måtte pakke seg ut av hybelen sin.
Bileta: Øverste halvdel er frå Whitsunday Islands (Long Island) og underste halvdelen er frå Great Barrier Reef og Cairns.
Øverste halvdel fyrst; Stort bilete: På resorten gjekk ein del Wallabys laus, blant anna ei som hadde ein Joey (namnet på babyane). Desse to måtte eg følgja etter og fotografere ein del. Vil kosa med!!! Mindre bilete oppe til venstre: Her er ein Knelar. Denne kom flygande ein kveld vi satt ute og såg på tropenatta. Eg måtte sjølvsagt fotografere, men eg blei vist litt for innpåsliten så han gjekk til angrep og eg flykta høglydt og Camilla LO!!. Oppe til høgre: Flygehundar. Desse hang i massevis i eit tre bak hovudinngongen til resorten og dei BRÅKA, skråla noko heilt sinnsjukt. Nede til venstre: Heldigvis såg vi ikkje så mangen av denne typen up close, sjølv om der var edderkoppar over alt. Vi gjekk tur i "regnskogen" på øya når det slutta å regne, og der var høg armføring nesten heile vegen (fram og tilbake). Nede til høgre: Vi fekk eit veldig nært forhold til hotelparaplyane våre. Her er vi på ein liten tur til andre sida av øya med paraplyane. Andre sida av øya (i forhold til der vi budde) var heile 100 m (toppen).

Underste halvdelen, småbileta: Oppe til venstre: Her er vi påveg ut til Liveabord båten på Great Barrier Reef (GBR) for å dykka. Påvegen ut får vi ein liten gjennomgong av reglar på båten, korleis opplegget funkar og kva vi kan forventa oss av dykkinga på GBR. Oppe til høgre: Solnedgongen mot fastlandet frå liveabord båten. I det eg tek dette bilete får vi beskjed om å gjere oss klar for å ta eit nattdykk på GBR. Når vi står klar for å hoppa i havet ser vi lyn i same rettningen (men ingen lyd). Nattdykk på GBR var konge! Nede til venstre: Kan du tru det? Eg gløymte å ta med batteriladaren til kompaktkamera mitt (undervannskameraet), så eg fekk kun tatt ca 10 bilete på 6 dykk. Nedtur! Vi såg hai, men fekk ikkje noko bra bilete av det før batteriet gjekk tomt. Såg mykje anna kjekt der og. Nede til høgre: Cairns Lagoon. Der var nemleg observert krokodiller langs strendene i Cairns så folk var oppfordra til å halde seg unna. Lagoonen var staden der folk samla seg for å kjøla seg ned. Stort bilete: Turistbrosjyrebilete av GBR. Blått roleg hav og ein båt mot horisonten :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)