søndag 16. mars 2008

Klar for montering...

Alle kollegaene mine har fått med seg at eg byrja strikka meg ein tunika som eg fant oppskrift til på Knitty. Var veldig driftig i byrjinga og så når kroppen var ferdig så dabba litt av iveren av. Gjekk sjølvsagt tom for garn halvvegs opp fyrste armen, og då nesten 1 år etter eg byrja på tunikaen. Men litt flaks skal ein ha, for butikken eg handla tråden i hadde ikkje solgt mykje av den fargen sidan eg var der sist. Fekk rett farge og frå rett parti :) No er begge armane ferdig og håpar ho mor kan hjelpa meg å montera i påsken. Når det er gjordt er det kun eit bånd i midjen som manglar. Oppskrifta finn ein her.
Så kanskje etter påske ein dag kjem eg stolt på jobb med ny sjølvstrikka tunika :)

1 kommentar:

Tove sa...

Se der ja. Tror den blir skikkelig fin! *imponert*