3 nøster fritidsgarn, 1 par pinner i #7 og 1 heklenål er denne påskehønas egg. Eg lova nemleg Anna-Maylèn at eg skulle prøva å laga ei slik høna som ho har slitt med å laga i det siste. Det er enkelt å sitja å lese bloggar, noko anna å prøva seg på same prosjekta.
Eg la opp dei 25 maskene som eg trengte og strikka det nemte antall riller og byrja å felle. Sydde høna saman i ryggen, fylte med vatt og ein liten pose med erter før eg strikka ho saman ein viss plass. Som ein ser på bilete så ser ikkje høna så aller værst ut endå.
Var sjølvsagt litt rart at høna skulle fyllast før toving, men sidan det stod så i oppskriften så gjorde eg så. Slengte høna mi i vaskemaskina på 40 grader ilag med ein handduk.
Ein heil syklus seinare kunne eg plukke eit fuktig høna utav vaskemaskina, og den er ei rein rype. Har jo fått timeglass formen og alt. Skikkeleg brei over baken, smal i livet osv... Som bilete visar går ho inn og ut på dei rette plassane.
Men sant skal seiast, det er ikkje slik høna ser ut på bilete. Den skal eigentleg vera kjegleforma, så ikkje heilt sikker på om eg skal kalle dette prosjektet for ein fiasko eller ei. Syns nemleg at ho blei litt kul med timeglass formen. Kanskje med ein mindre pose med erter ville det blitt betre, for å fylle høna før toving trur eg uansett er det rette å gjere.
3 kommentarer:
Hehe, den var kul. ps, jeg har en Alfred i bloggen min!!
Excuse me, men har du noen gang sett en kjegleformet påskekylling i det virkelige liv? Didn't think so! *ler* Synes den ble riktig så søt, jeg!
Det var en noe spesiell og morsom påskekylling. Passer bra hos deg. ;)
God påske!
Legg inn en kommentar